lørdag 7. desember 2013

Ting som gjer meg glad

1. Desember
2. Senka skuldre
3. Lukta av ein nyskrella mandarin
4. Denne sangen
5. Litt for sterk kaffi
6. Øl med korjenter
7. Å pusta skikkeleg djupt inn
8. Planar om bingobursdag
9. At det er lov å høyra på julemusikk no
10. Kjærasten min
11. At eg skal på konsert i kveld, og at det er mitt band som spelar!

Ein, to, tre, klar!


søndag 24. november 2013

M&M



Dette er meg om dagen. Med munnen full av mat, eller klar til å hoppa på sykkelen etter bandøving. Eit liv som kransar seg rundt mat og musikk må jo vera eit godt liv?
Eg trur det.

torsdag 31. oktober 2013

Island

Når ein har hatt flaks og fått seg ein venn frå Island, er det synd og skam å ikkje reisa på besøk. Etter å ha levd i synd og skam ei stund, tenkte eg at no fekk det vera nok. Eg angra ikkje eit sekund! Me kikka ned i vulkankrater, lente oss på vinden og plaska i varme kilder. Og kjøpte pølser i drive-through, for det kan ein gjera på Island. Og snyrtingar betyr toalett! Det var nesten det beste av alt.


onsdag 9. oktober 2013

Pustepause

Eg er glad i pustepausar! I det siste har eg ikkje pusta så mykje bloggluft, men desto meir av andre typer luft. Eg har mellom anna utforska fina kanalar, vore på Paristur med mi flotte mor, og feira seks år med kjærleik med usannsynleg god kakao på Ladurée. Og så har hausten kome! Eg trur alltid at eg ska bli lei meg når sommaren fer, men i går såg eg eit gult tre som kitla meg i magen. Her kjem nokre augneblink, som seg hør og bør.

Kakao på Laduré. Eg har nesten ikkje ord. Okei då, himmelskhimmelsk!

Ein veldig fin kanaltur etter snille menneske ba oss på sunday roast.
Kanalane i London er verkeleg som små pustehol, med tre som bøyer seg ned i vatnet
og fargerike kanalbåtar med urter og syklar på taket.

Til no har eg ete ganske mange burgarar i London, og her er den som ledar. Restauranten heiter Haché,
og kvifor sweet potato fries ikkje fins på alle menyar er meg heilt uforståeleg.

Ein annan kanaldag. Med øl og kake! 

Meir kake, meir grafitti.

Plutselig ein dag slumpa me borti den finaste London-kaféen eg har sett.
The Haberdashery i Crouch End. Kaféhjarta mitt banka fort!

Og til slutt ein dag der eg fant ein cupcake
som var akkurat like grøn som meg.


torsdag 5. september 2013

3 fine ting på det store internettet

1. Denne reklamen/kortfilmen! Skulle ønske eg var like kul som ho.

2. Optimistene. Eg vurderar å reisa heim til Norge berre for å sjå denne filmen på kino. Gamle folk <3>

3. Skulle gjerne hatt desse finingane på kjøkkenet. Pandapanne og ugleglas.

torsdag 22. august 2013

Ein to tre

Ein av mine beste kvardagsgleder er når eg kjem borti ordentleg fin musikk som eg ikkje har høyrt før. Dei siste månadane har det skjedd mange gonger, mykje på grunn av fine bandguttar som får med seg alt mogleg. Her er tre favorittar som er nye for meg!


Det skjer ytterst sjelden at eg må høyra ein sang om igjen med ein gong han er ferdig. I så måte er dette ein ytterst sjelden sang! Så skjør, vond og magisk.


Denne stemmen + denne teksten gjer meg ståpels.


Dette er ein ordentleg smilesang. Eg ser for meg kjolar med polkadottar, fargerike parasollar og piknik i parken.

Om nokon har oppdaga ein liten skatt som dei vil dela, så blir eg gladgladglad.

lørdag 10. august 2013

Aleine heime

Ein månad aleine i London. Det må jo gå bra? Eg kjenner jo folk her, veit jo kor ting er?
Når ein er vant til å vera sambuar, er det litt rart å plutseleg ha dobbelt så mykje plass i senga, og ingen å lista seg rundt på tidlege morgonar. Samtidig er det fint å vita at ein klarar seg fint på eiga hand. Eg gjer som eg pleier når eg treng litt motivasjon. Lagar liste! Med ting som eg har tenkt å gjera aleine.
  • Gå på kafé. Det gjer eg jo uansett, så det hadde vore frykteleg rart om eg skulle slutta med det no.
  • Gå på kunstutstilling. Ingen som dyttar ein vidare, og ingen som held ein tilbake. Det er fint å få glo i fred.
  • Utendørssymjing. I Hampstead fins det ein Ladies' Pond full av damer og ender. Eg har vore der ein gong før, og det var omlag det beste eg har gjort i heile sommar. Altså skal eg tilbake.
  • Gå på kino. Her er eg heilt jomfru, så det blir spennande. Så langt står valget mellom Monsters University, Kick-Ass 2 og The Conjuring.
  • Sykla tur. Med eit pledd, ei bok og noko godt i sykkelkurven.
  • Å gå tur langs Parkland Walk, ei nedlagt toglinje som snirklar seg under bruer og tunellar. Best av alt, den svinger visstnok innom nabolaget mitt!
 Hurra, motivasjonen er på plass! Ha ein finfin lørdag.


fredag 2. august 2013

Rolege dagar

Eg er sommarlat. På den gode, døsige måten som ein kjenner i augelokka når ein legg seg ned i ein park, eller drikk ein kald øl i ein bakgård med kveldssol i ryggen. Dette er min første Londonsommar, og i den anledning har eg kjøpt meg ein London-guide. Den heiter Quiet London og er skrive av ein som er glad i bortgøymde hagar, rolege kaféar og fine bokhandlar. London er full av lyd, men boka er full av pusterom. Eg håpar alle finn pusterom i sine byar, og kanskje ei ku eller to (ja, det fins kyr i London! GJETT om eg blei glad).



fredag 19. juli 2013

Feriekvardag

Noko av det beste med å bu i utlandet er å reisa heim på ferie. Ein annan ting som er fint, er at utlandet ofte er varmare enn Norge. Eg har lada batterier og vandra i velkjente gater, pilla reker og sett fjes som eg ser altfor sjeldan. No er eg tilbake i Syden-London, og jammen er det ikkje fint det og. Sjølv om eg latar som om eg er god på å vera spontan, begynner eg å innsjå at eg er veldig god venn med rutinene mine. Hei kvardag, du er fin!

fredag 28. juni 2013

Sun up

God morgon! Før eg flyr til Norge og lar internett sova, tenkte eg å visa fram demoane våre! Med litt flaks og litt pågangsmot fant eg fire engelske guttar som ville laga musikk med meg. No heiter me Sun up, og her er to sangar som me har pusla med i det siste. Eg er så glad for å endeleg få visa dei fram, og håpar at de liker dei i alle fall bittelitt!


onsdag 26. juni 2013

(No kjem eg snart)

I det siste har eg sakna Oslo meir enn alt. Oslo er den første byen eg har budd i, den første byen eg har vore student i, og den første byen eg rekna som min. Inni hovudet mitt bur det masse fine Oslominner som eg kikkar på innimellom, men det er jo ikkje heilt det same. Heldigvis skal eg på Osloferie om berre nokre dagar! Eg gler meg så mykje at eg har laga liste.
  • Dansa/vagga/smila til Frank Znort på Blå
  • Kjøpa makronar på Sebastian Bruno
  • Spela brettspel på Colonel Mustard
  • Rusla/jogga langs Akerselva
  • Sjekka ut mathallane
  • Skrapa kryssordflax
  • Drikka espresso på Kaffefuglen
  • Spela kubb i parken
  • Laga middag i det rosa huset
  • Synga høgt på øvingshotellet
  • Eta ei terte på Liebling
  • Gå på kjolejakt på UFF og Frøken Dianas salonger
  • Kjøpa ei bok på Tronsmo
  • Treffa dei beste eg veit

torsdag 20. juni 2013

Afternoon tea

Eg kjem ikkje på så mange ting som er meir engelsk enn afternoon tea. Ein kan jo ikkje driva og bu i London utan å ha vore med på det, så me pynta oss og undergrunna oss i veg til vest-London. Nam nam hurra! Eg fekk til og med ned ein kopp te utan å laga meir enn tre grimasar. Ny rekord!



lørdag 15. juni 2013

To ting

Her fins det ikkje nokon samanheng, berre eit fargerikt mellommåltid på sjølvaste Klepp-duken, og ein liten promotering for ein flink kjærast som skal regissera kortfilm. Ein litt småskummel science-fiction-kortfilm om in vitro-kjøtt, som eg gler meg til å sjå!







søndag 9. juni 2013

Sundagsglede #6

Sundag er ein bra dag for å ha bandøving! Eg har ikkje sagt så mykje om det, men eg har vore så heldig å finna fire engelskmenn som vil laga musikk med meg. Det er første gong eg speler i eit ordentleg band, så det er litt skummelt, men mest av alt finfint. No har me spelt inn vår første demo, og om ikkje så lenge skal me visa han fram. Det gjer meg kriblekribleglad!

Det som må vera verdens søtaste forsterkar

søndag 2. juni 2013

Greenwich


På fredag hadde me fill-in-the-blanks-dag. Det betyr at me reiser til plassar på kartet me ikkje har vore før. Når eg seier fill in the blanks så høyres det ut som me har vore nesten overalt, men det er altså langt frå sanninga. Skikkeleg langt. Det eg eigentleg skulle seia var at Greenwich viste seg å vera veldig fint! Ein liten landsby i byen, nesten. Me krabba oss opp til observatoriet på toppen av Greenwich Park, og fekk solnedgang og full baluba. Kanskje ikkje så mykje baluba, men i alle fall litt frisbee. Eit bra Londontips til feriefiningar!

tirsdag 28. mai 2013

Om å gå i gamle fotspor

Omlag i dag er det eitt år sidan eg flytta frå København. Så det er ikkje snakk om så veldig gamle fotspor. I helga var det reunion for oss som gjekk i same klasse og sang for høgt for lågt for stygt og for fint kvar einaste dag i fire månadar. Då eg landa på Kastrup og plutseleg hadde danskar på alle kantar, begynte eg nesten å grina. Men så smilte eg heile vegen til byen i plassen. København gjorde som gamle vennar gjer, tok imot meg med åpne armar og fekk meg til å føle meg som heime. Me hadde det så fint at det nesten var dag igjen kvar gong me skulle legga oss. København! Finast finast finast.





søndag 19. mai 2013

Sundagsglede #5


Å grilla i denne bakgården, med fine folk og blomar over hovudet.

onsdag 15. mai 2013

Mandagsfint

Sidan mandag kan vera ein litt vanskeleg/grå/lang/tung dag, er min nye plan å gjera noko mandagsfint kvar veke. Denne mandagen blei det kafé, merkeleg nok. Eg er ikkje bestevenn med Tottenham Court Road, mest fordi han er så stor og bråkete. Men ein plass i alt mylderet ligg Paperchase, som er tidenes beste butikk. Den er full av notatbøker, almanakker, kart, fine magasin og ein bra kafé i tillegg. Så kan ein setta mylderet på lydløs.





Vips så blei mandagen bra! Om nokon har forslag til ting som gjer mandagar betre, så vil eg gjerne høyra.

torsdag 9. mai 2013

Tavletorsdag


 To ting som er bra: tavle og komle.

fredag 3. mai 2013

Fredagsfinurlig

Eg og Mathias tjuvstarta helga i går, med ein uslåeleg kombinasjon av indisk restaurant og Vampire Weekend-konsert etterpå. Hurra for at alle band som er bra kjem til London! Eg har nettopp levert arbeidet mitt for denne veka, og no er det berre litt sangskriving som står mellom meg og ei kald øl. No blir det kanskje litt for mykje skryt på ein gong, men det er altså 19 grader og sol i London! Fytti katten. God helg!


onsdag 24. april 2013

Sol og neglelakk

Eg feirar at våren har kome med å ta meg ein pause i sjølvaste heimlandet. I kveld reisar eg heim til steingardar, strender, teaterbesøk og konfirmasjon. Det trur eg blir langt over gjennomsnittet fint. Mens eg pakkar kofferten, smiler eg av sol som smyg seg inn vindauget, og ein skikkeleg blå neglelakk.


 

lørdag 13. april 2013

Kafé!

Å gå på kafé er ein av dei tinga som gjer livet litt lysare. Livet mitt er heldigvis ikkje så mørkt frå før, men å kikka ut av eit vindu med ein kaffikopp i hånda, er litt som meditasjon for meg. Her er tre av favorittkaféane min i London. Til no!

Tufnell Park Tavern, 162 Tufnell Park Road, London N7 0EE
Dette er lokalkaféen vår, som me fant på ein oppdagelsestur i nabolaget. Den har eit eige kaférom, og eit eige pub/restaurantrom. Dessutan har den tidenes beste cappuccino (spesielt når ho med det raude håret lagar han), store croissantar og ein fin og avslappa atmosfære. 

New London Cafe, 216 St. Paul's Road, London N1 2LL

Denne kaféen har kjedeleg navn, men snille innehavarar og fin musikk. Eg blir alltid skuffa når fine kaféar har slitsom musikk, men desse folka er like glade i Beatles som meg. Dessutan har dei god lunsj, og eg har oppdaga ein liten bakgård som eg har tenkt å sitta i når det blir litt varmare.

Candid Cafe, 3 Torrens St, London EC1V 1NQ
Denne er ordentleg fin! Det er ikkje så lett å sjå, sidan Mathias tar opp heile biletet, men eg lovar at det er sant. Den ligg litt gøymt vekk, så det føles heilt rett å belønna seg sjølv med eit kakestykke når ein har funne veien og gått opp ein haug med trapper. Så kan ein veksla mellom å kikka ut på fine hustak, i boka si, eller på dei unge/gamle/rare/kunstnariske folka som kjem og går.


lørdag 6. april 2013

Femten fortreffelege

1. Sola som skin på tastaturet mitt og seier "Skriv om meg!"
2. Puslespelet som eg kjøpte for eit pund, og som gjer meg glad
3. Å tenka på kor fint det var å vera i Berlin
4. Å oppdaga ein ny kafé med utsikt over Londons hustak


5. Å oppdaga ny musikk mens eg puslar (dei beste til no: Noosa, Tom Odell og Matt Corby)
6. At våren er på veg (eg kryssar alle fingrar)
7. Når påskeliljene endeleg åpnar seg
8. Å le av Mathias som bestilte den største calzonen NOKON GONG


9. Ingen planar, ingen bekymringer
10. Lakristannkrem
11. Hus som latar som dei er sjakkbrett

12. Å ha eit kapittel igjen i boka, og spara det til den rette augneblinken
13. Å lesa fine bloggar (mine favorittar nett no: Frøydis, Ine og Ennui)
14. Å belønna seg sjølv etter trening med sjokolade
15. Å gjera nye ting saman med Mathias, som for eksempel å bygga eit kamera av papir

fredag 22. mars 2013

8

Eg fekk ein dytt frå Ragnhild som utfordra meg til å skriva åtte sanninger om meg sjølv. Det kan eg klara!

1. Eg er einebarn, og det har resultert i at eg er ekstremt god til å vera aleine på kafé, og ekstremt dårleg til å dela snop med andre. Spesielt smågodt.

2. Eg har to personlighetar. Frøydis og Svoltne Frøydis. Sistnenvte er ikkje noko særleg.

3. Då eg var lita ville eg vera ein gut og heitta Martin. Det blei ikkje noko av.

4. Ein dag skal eg bu i Paris. Det har eg bestemt, for kvar gong eg reiser til Paris føles det som om heile byen foldar seg saman og gjer meg tidenes beste klem.

5. Eg har ein tendens til å vera redd for at folk skal synast at eg er keisam. Det er ganske keisamt.

6. Eg har ein litt skranglete hukommelse. Det betyr at eg kan bli overraska over den same tingen to gonger på rad. Av og til tre.   

7. Eg syns at sjokolade gjer verda betre.

8. Om fem dagar reiser eg til Berlin. For å treffa nokon av dei beste som fins, og for å helsa på ein by som eg aldri har møtt før. Heilt sant.

tirsdag 19. mars 2013

Besøk og baluba

 
Sist veke hoppa forbi med sjumilsstøvlar, samtidig som ho var full av fine augneblinkar. Me fekk storslagent foreldrebesøk, åt god mat og fekk gode klemmar. Denne veka ser ut til å bli like fin, med ballett og ølsmaking på programmet. Og masse jobbing. Det er rart å jobba fulltid etter å ha vore student i så mange år, men det er jammen ikkje så verst heller. Hurra for optimistiske mandagar!

søndag 10. mars 2013

Sundagsglede 4#

Å dra opp rullegardina om morgonen og kikka ut på dette.

fredag 8. mars 2013

Til oss

I dag er ein fin dag for å synga denne sangen, for å sjå denne filmen, og for å seia hurra! Me er bra!

lørdag 2. mars 2013

Ein, to, tre, seks

No har eg budd eit heilt halvt år i London. Det er rart å tenka på, samtidig som det er fint. Eg tenkte å visa nokre av tankane eg har tenkt i løpet av dei seks månadane, i notatboksformat (og kjent som tidenes format!).