fredag 29. april 2011

Fredag

I går fekk eg eit tips som eg syns fortjenar å tipsas vidare. Eg er ein fattig student, og treng alle rabattar eg kan få. På sweetdeal.no  kjem det tilbud kvar dag, og nokon av dei er superbra! Rabattar på velvære og sushi og dessertar og eg veit ikkje kva. Og rabattar frå 50 til 90 prosent, så fint!

Om litt skal eg og Alvilde grilla pølser og maiskolber og marshmallows på balkongen, me ventar berre på at sola skal koma fram og smila til oss. Hurra for pølsefredag!

tirsdag 26. april 2011

Hovud i hovudstaden


Gule påsketenner blir kvite når påsken er over, ikkje sant?

lørdag 23. april 2011

Heim til mor

Eg befinn meg midt i verdas navlelo, eller Klepp. Finast med Klepp er mor, grøne tre og at eg får køyra litt bil igjen. I dag er ein bra dag fordi eg sit igjen med to par flunkande nye sko, ein solbrent skuldar og eit stripeskjørt som mor pleide å svinga seg i då ho var yngre. I morgon svinsar me avsted til den årlege påskemiddagen med heile familien, og eg har tenkt å eta så mykje dessert at Mathias kan binda meg fast i ein tråd og rulla meg etter bilen når me skal heim. Dei beste tradisjonane involverar mat :o)

Påskeglad mor og dotter

Ein fin kjærast

Min nye venn stripeskjørtet.

onsdag 20. april 2011

Eg veit ikkje kva eg skal bli #4


Pensjonist?

søndag 17. april 2011

Notert

Når eg blir stor skal eg læra meg å teikna skikkeleg og byrja å skriva ordentleg dagbok. Men eigentleg likar eg min dagbokversjon ganske godt.





lørdag 16. april 2011

Hei ny dag!

Ein heil laurdag med nesten ingen planar ligg og ventar utanfor vindauget mitt. Klokka er elleve og eg har allereie vaska klede og rydda og ete banan, oppdaga ei ny blokk som eg aldri sett sjølv om ho ligg rett utanfor. Eg drøymer om blomegardiner og stolar som skal malast, for i juli flyttar eg ut frå kollektivet eg bur i og inn i ein leilighet som er varm og mjuk i kantane. Saman med kjærasten min! Då blir det monopol til langt på natt, grilling på balkongen i hengekøya og lange maraton med twin peaks. Små kattepotar som tassar og blomar overalt.  Må berre finna ein leilighet først. Om eg får drøyme litt til, skal det sjå litt ut som dette:

{a view to the garden}

Bedroom Art wall

 

Bottle-party

onsdag 13. april 2011

Fullt av fint

I dag leikar eg sjukepleiar for ein liten kjærast som hostar og skjelv, finn ekstra pledd og kjøpar loff i butikken. Innimellom prøvar eg å læra meg kva hjernen vår eigentleg driv med, og om det var hypothalamusen eller hippocampusen som lagar og hentar fram minner. Hippocampusen var det. Om litt skal eg vandra ut i vårsola og pakka ut bananar på rimi, og ein full dag er ein fin dag.

søndag 10. april 2011

God sundag!

Helg med blomar som sprett, snø som smeltar, og den fine sundagsfølelsen i magen. Eg har fått gjera musikkting, som er noko av det finaste eg veit å gjera, og no er eg berre glad, lukkeleg, smilande og så vidare.

God sundag!

mandag 4. april 2011

Om grining og kjæledyr

I går kveld gjekk eg og filmnerdkjærasten på kino utan å vita kva me skulle sjå. Mathias tippa på alt mogleg som eg aldri har høyrt om før, men plutseleg sto det Blue Valentine på skjermen. Trur ikkje eigentleg eg hadde høyrt om den heller, men no har eg høyrt om han, og no seier eg; sjå han! Sjukt fint og sjukt vondt, eg måtte grina på skuldaren og klarte ikkje å slutta før me kom ut på gata. Kjem på kino om litt trur eg.



PS. Eg har fått meg svoltne fiskar i margen! Er dei ikkje fine?

søndag 3. april 2011

Squash er sunt





Det fine med å ikkje legge planar for helga er at det alltid dukkar opp noko kjekt. Sånn som squashspeling, studiobesøk med Erlend og muffinsbaking! No dreg eg i veg på troll i eske på cinemateket, det betyr at me ikkje veit kva film me skal sjå og at eg har ein gira filmnerdkjærast. Fint!

fredag 1. april 2011

Nellik

I går var det den siste dagen i mars, og den siste dagen med snø. Det har eg bestemt! I dag er det den første dagen i april, og det betyr kvardagsfeiring med bjørnebærterte på united bakeries, ei kule med isbjørnis på ben and jerry's, og heilt til slutt kose/tv/kaffi/spelekveld med fine folk. No skal eg prøva meg på eit blomstertips, det har eg aldri gjort før så det kan bli spanande: Dersom du som eg syns det er litt dyrt å kjøpa bukettar som visnar på ei veke, kan du kjøpa nellikar! Eg kjøpte nokre oransjegule på stortorvet for nesten tre veker sidan, og dei er nesten like fine enno.

Carnation-2248709

God helg!